Virtuell verd
Gode samarbeidsløysingar er viktig, både i undervisnings- og i forkingssamanheng. Virutelle arenaer er eit område som får stadig større merksemd innan pedagogisk forsking, og har eit stort potensial i læringssamanheng. Døme på bruk av virtuelle læringsmiljø inkluderer førelesingar, demonstrasjonar, simuleringar, visualiseringar og som arena for samarbeidslæring og sosialisering.
Ei virtuell verd er ei nettbasert simulert verkelegheit der individ møtast ved å flytte seg rundt i eit tredimensjonalt landskap ved hjelp av ein virtuell representasjon av seg sjølv. Inne i den virtuelle verda kan ein møte og snakke med andre, både ved å bruke tekst og lyd. Ein fordel med virtuelle arenaer i forhold til meir ordinære læringsplattformer, er at at det gir brukeren ei sterkare kjensle av å vere tilstades.
Det fins mante virtuelle arenaer som kan brukes til læring, til dømes Second Life, Active Worlds og Wonderland.
Potensialet for samarbeid, sosialisering og kreativitet passar som hand i hanske med pedagogiske teorier om læring.
VG